Lagsmeisterskap sprint
Postet av Førde Idrettslag den 24. apr 2024

65 deltakarar starta på sprintløpet på Halbrend skule onsdag 24. april. Resultatlista viser mange jamne duellar. Løypevinnarar: A-kvinner Gøril Fristad, A-menn Håkon Grønli, B-kvinner Olea Fristad, B-menn Kenneth Husevåg-Lobben, C-kvinner Ann Kristin Kusslid, C-menn Erlend Husevåg-Lobben. Fullstendig resultatliste med strekktider finn du her.
Neste o-løp i Førde vert 3. og 4. mai. Fredag 3. mai vert det KM-sprint med samlingsplass på Førde ungdomsskule. Laurdag 4. mai er det kretsløp i Førdslia. Det er også løp i Askvoll 5. mai. Denne helga er det også o-troll-leir og ungdomsleir på Førde ungdomsskule.Vi må ha fleire deltakarar frå Førde. Så langt er det flest påmeldte frå Bergens-området. Sjå innbydinga, og meld deg på!
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag
Nærløp Langeland 10. juni
07.06.2026
Resultat nærløp Langeland 3.6
04.06.2026
O-helg i Nordfjord
02.06.2026
O-løp Langeland 3. juni
01.06.2026
Siste løp for Kurt og Brita
27.05.2026
O-løp onsdag 27. mai
25.05.2026