KM-vinnarar og Stafett for livet
Postet av Førde Idrettslag den 10. sep 2023

I helga har det vore avvikla KM sprint og KM langdistanse i Sogndal. På laurdag var det sprint i Sogndal sentrum, og Førde IL Orientering hadde følgjande KM-vinnarar: Kurt Grønli (H70), Håkon Grønli (H17), Gaute Osvoll (H13-14).
Søndag var det KM langdistanse med startstad i Hodlekve. Der vant Håkon Grønli (H19) og Kjartan Hauger (H50).
Fullstendig resultaliste med strekktider finn du her:
Laurdag: https://eventor.orientering.no/Events/Show/17611
Søndag: https://eventor.orientering.no/Events/Show/17612
STAFETT FOR LIVET
I helga var det også mange i Førde IL Orientering som deltok på Kreftforeninga sitt arrangement Stafett for livet på Førde stadion. Vi hadde folk på bana alle 24 timane, og til tider var det mange som gjekk samstundes. Totalt 800 runder vart gått dette døgnet. Imponerande! For dei som vil støtte Kreftforeninga sitt arbeid, kan ein klikke seg inn her:
https://digitalinnsamling.kreftforeningen.no/team/forde-ilorientering
På bildet Gaute Osvoll som var med på KM-sprint laurdag og Stafett for livet søndag.
Neste nærløp vert onsdag 13.9 med oppmøte Sunde skule kl 18.00.
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #autoservice - #dale rør - #enivest - #spar førde - #naustdal dampbakeri
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Førde Idrettslag
Nærløp Langeland 10. juni
07.06.2026
Resultat nærløp Langeland 3.6
04.06.2026
O-helg i Nordfjord
02.06.2026
O-løp Langeland 3. juni
01.06.2026
Siste løp for Kurt og Brita
27.05.2026
O-løp onsdag 27. mai
25.05.2026