70 løparar på første nærløpet

Postet av Førde Idrettslag den 8. Apr 2026

Kjekt med godt oppmøte på første nærløpet. Kring 70 deltakarar til start, og fleire nye fekk litt instruksjon før dei tok turen ut i terrenget ved Sunnfjord museum i Movika. 

Løypevinnarar: C kvinner Sigrid Botnen, C menn Anders Mallasvik, B kvinner Olea Fristad, B menn Asbjørn Lote, A kvinner Margit Sandem Fjellengen, A menn Gaute Osvoll.

Fullstendig resultatliste med strekktider og løypeval i Livelox finn du her. 

Neste nærløp er onsdag 15. april på Soleide. Påmelding her.

NB! Det låg igjen ei jakke som Knut Even Hole tok med. Sjå bilde under. 



Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




TURORIENTERING

Postet av Førde Idrettslag den 7. Apr 2026

Bilde frå Nordheia. I dette område finn ein postane som er langt ut i Kråkenesmarka.

Då er alle 99 postane på plass i alle 11 turane i årets turorienteringssesong. Det gjekk litt fort i svingane før påske for å få mest mogeleg på plass. Det førte til at nokre postar vart lagt inn i systemet med feil poeng. No skal dette dere retta og dei deltakarane som hadde registert desse postane har fått korrigert poengsummane sine. Tur-O hefte er kommen til Førde, og er å få kjøpt hos Intersport Erdal Sport.





Sesongopning onsdag 8. april

Postet av Førde Idrettslag den 4. Apr 2026

Førde IL Orientering sitt første nærløp for sesongen vert onsdag 8. april kl 18.00 i Movika på Sunnfjord Museum sitt område. Registrering og utdeling av kart frå kl 1730.

Løyper for alle - også for dei som ikkje har vore med i orientering før. Området er avgrensa med E39 på eine sida og Movatnet på andre, med gode stiar å følgje.  

Løypetilbod: Nybyrjarløype på 1,4 km, C-løype (har vore med litt før) på 1,5 km. Desse to løypene går i museumsområdet. For litt meir røynde har vi ei B-løype på 2 km, og ei A-løype for dei som vil ha det ekstra krevjande på 3,4 km. A- og B-løypene går i terrenget aust for E39. 

Påmelding: Vi oppfordrar flest mogeleg om å bruke Eventor til påmelding.
Frist der er kl 1400 på onsdag. Det er også mogeleg å melde seg på ved oppmøte.

Parkering: Erfaringsmessig må vi bruke p-plassar på begge sider av E39 (sjå kartet under). Er ein i bil med vaksne, bruk p-plassar på austsida av E39, slik at barnefamiliar kan få parkere på museumsområdet (slepp krysse E39).

Velkomen til alle! 


Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde  -  #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest 




TURORIENTERING 2026

Postet av Førde Idrettslag den 24. Mar 2026

Då er ventetida over. Vi kan i dag presentere 10 av 11 turar i årets turorieringssesong. Det kan bli ei fin påske uten ski på beina, men med kart og kompass i handa. Turorieteringshefte er hos trykkeriet i Oslo og skal vere klart hos Erdal Sport og kick-off i Movika 8. april. No finn du turane på nettet: www.turorientering.no skriv inn Førde i arrangørfeltet og finn turane og last ned og skriv ut karta. Du kan og laste ned Tur-O appen på telefonen, kjøpe kart der og registere kvar post ved å scanne QR-koden på posten. God tur og god påske




Kjøp av årskort til o-sesongen

Postet av Førde Idrettslag den 17. Mar 2026

Onsdag 8. april er det Kickoff på O-sesongen 2026. Vi startar også i år Movika, med løpsstart kl 18.00. Terminlista blir sendt ut seinare, og lagt ut på heimesida og FB.

For å korte ned på køen den 8. april, samt på løpa ellers, så er det ynskje om at de som skal ha årskort kjøpe dette på førehand.

Bruk Vipps handlekurv 927068 og velg årskort frå menyen. 

Om de kjøpe meir enn eit årskort, eller betalar du for nokon andre, send ein e-post med namna på den/dei som skal ha årskorta til: knuteh@hotmail.com (ein får ikkje skrive noko melding på Vipps handlekurv)

Det er i år 20 nærløp, så det lønnar seg å kjøpe årskort om ein vil være med på mange løp. (8 løp eller fleire for vaksne, og 5 løp eller fleire for born/ungdom)

Årskortet gjeld ikkje på Sunnfjord Orienteringa og nattløpa.

Prisar 2026:

Årskort born/ungdom (til og med 17år):        250,-
Årskort vaksen (18år -):                         800,-

Enkeltløp born/ungdom (til og med 17 år):         50,-
Enkeltløp vaksen (18år -):                    100,-

Leigebrikke:                                      50,-    (gratis for dei under 18 år)

O-gruppa dekker påmeldingsavgift på krins og nasjonale løp for born og ungdom som er medlem i Førde IL og som har årskort på nærløpa. Juniorar som deltek på NM/NC løp kan søke klubben om reisestipend.